Tru du kan og du er halvvegs

Kvinne held fruktkorg

Verdien av arbeid er velferd – for samfunnet og for kvar enkelt av oss.

Folk som er i arbeid har oftare høgare livskvalitet enn menneske som står utanfor arbeidslivet. Det gir utslag på den samfunnsmessige rekneskapen, men også for personen som står i arbeidet. Fordi arbeid gir moglegheit til utvikling og meistring.

Treng bedrifta di fleire tilsette?

Spira utvikling treng å komma i kontakt med bedrifter som har behov av arbeidskraft. Me ønskjer å knyta oss til bedrifter med store hjarter som ønskjer å gjere ein forskjell for enkeltmenneske - men også for samfunnet. Me treng hjartevarme bedrifter som kan ta i mot personar i arbeidspraksis, og bedrifter som treng fleire tilsette.

Spira utvikling har oppfølging av personar som av ulike grunnar står utanfor arbeidslivet. Me ser stadig etter samarbeidsbedrifter og er spesielt på utkikk etter bedrifter med opppgåver innan butikk, helse, oppvekst, kontorarbeid/administrative oppgåver, reinhald, IKT, lagerarbeid, mm.

Mange av personane som treng arbeidspraksis står utan fagbrev. Det betyr at kvalifisering, kompetansebevis og utdanning retta mot fagbrev er eit uttalt mål i arbeidet vårt.

Spira utvikling hjelper til med opplæring og kvalifisering om naudsynt.

Inkluderande arbeidsliv handlar om å omfamna mangfaldet; å gi menneske som ynskjer å stå i arbeid ein moglegheit til det. Alle har noko å bidra med og det handlar om å utvikla ressursane som bur i kvar og ein av oss.

Kontakt Carina:

Telefon: 919 23 488

Epost: carina@spirautvikling.no

Kvifor bli ei inkluderande bedrift?

Fordi:

  • Bedrifta di kjem i kontakt med arbeidssøkjarar ein elles ikkje ville møtt.
  • Rettleiaren hos Spira utvikling gir profesjonell og fagleg oppfølging til både bedrifta og arbeidssøkjaren.
  • Arbeidsøkeren får moglegheit til å utvikla seg og oppnå meistringskjensle.

Rekruttering med høg kvalitet

Gjennom metoden til Inkluderende Bedrift finn me arbeidssøkjarane som eignar seg best for bedrifta di. Me går systematisk til verks ved å kartleggja behova i bedrifta di og kva forventningar de har til arbeidssøkjarar. Alle arbeidssøkjarar gjennomgår ei tilsvarande kartlegging, slik at me til kvar tid kan tilby kandidatar med dei beste føresetnadene for å lukkast hos dykk.

Spira utvikling bruker elementer fra ASVL sitt verktøy og metodikk. Dette bidreg til at bedrifter og Spira utvikling kan samarbeida betre, slik at arbeid blir mogleg for fleire.

Tydelege mål og trygge rammer

Inkluderende Bedrift er ein samarbeidsmodell som gir trygge og føreseielege rammer for alle involverte. Me brukar tid på å bli kjende med både di bedrift og arbeidssøkjaren og me set tydelege mål for alle jobb- og praksisplassar.

De har alltid ein kontaktperson hos oss som gir profesjonell og fagleg oppfølging til både bedrifta og arbeidssøkjar.

Lokalt samfunnsansvar

Mange bedrifter tek eit viktig samfunnsansvar ved å hjelpe til med å få fleire i arbeid. Alle som blir sertifiserte som Inkluderende Bedrift får utdelt diplom som kan hengjast opp hos bedrifta.

Felles ambisjon: arbeid til fleire!

Inkluderande bedrifter er ein lagspelar i den store inkluderingsdugnaden. Spira utvikling deler ambisjonen til regjeringa om at alle som kan jobba, skal få moglegheita. Bedrifter som sørgjer for at fleire kjem i jobb, bidreg til eit meir inkluderande arbeidsliv og eit meir berekraftig samfunn.

Personar med nedsett funksjonsevne har i dag betydeleg lågare arbeidsdeltaking enn andre. Derfor treng me fleire bedrifter med på laget og de kan på denne måten vera med på å gi fleire ein veg inn i arbeidslivet.

Gjennom Inkluderande Bedrift møter du arbeidssøkjarar som sjeldnare enn andre får moglegheit til å visa kva dei er gode for. Kanskje finn du akkurat han eller ho du treng for å løysa oppgåvene på din arbeidsplass?

Kvifor bli ein Inkluderande Kommune?

Fordi:

  • Inkluderande Kommune gjer eigarkommunane betre på arbeidsinkludering.
  • Etne kommune og Vindafjord kommune har ei viktig rolle i arbeidsinkluderinga.
  • Ved å opne kommunale arbeidsplassar for personar som treng bistand for å finna jobb, eller for personar som har tilrettelagt arbeid kan bli mogleg og tilgjengeleg for fleire.
  • Ved bruka innkjøpsmakta til å sikra arbeid og relevante oppgåver for tilsette og arbeidssøkjarar i arbeidsmarknadstiltaket hos Spira utvikling, birdar ein til høgare kvalitet og utvikling i tiltaka, som igjen gagnar arbeidstakarane hjå oss.

Viktige komponentar i Inkluderande Kommune

  • Kartlegging av arbeidssøkjarar og arbeidsplassar i kommunen.
  • Kartlegging av arenaer for samhandling mellom kommune og Spira utvikling (moglegheitsanalyse).
  • Ein vegvisar for offentlege innkjøp – som gjer det enklare for innkjøparar i kommunen å ta samfunnsmedvitne, arbeidsinkluderende val.
  • Diplom som vekstbedrifter kan bruka som ei utmerking for kommunar som gjer ein særleg innsats for auka arbeidsinkludering

Spira utvikling bruker elementer fra ASVL sitt verktøy og metodikk. Dette bidreg til at bedrifter og Spira utvikling kan samarbeida betre, slik at arbeid blir mogleg for fleire.

No items found.

Interessert i å vite meir?

Send oss ein epost
Logo
Logo
Logo
Logo
Ved å klikke «Godta» aksepterer du lagring av cookies/informasjonskapsler på denne enheten. Cookies blir brukt til å utbedre side navigering, og samle brukerstatistikk for nettsiden for å forbedre innhold og brukeropplevelse. Du kan selv administrere hva du samtykker til ved å klikke på Preferanser. Les vår Personvernerklæring for mer informasjon.