Person som brettar ein kjeledress

AFT

Arbeidsforberedende trening (AFT) er eit tilbod om arbeidsretta opplæring og utprøving av arbeidsevne for personar med nedsett arbeidsevne og samansette hjelpebehov.

AFT-tiltaket passar for deg som har særleg usikre yrkesmessige føresetnadar og som har behov for tett oppfølging og tilrettelegging. AFT-tiltaket varer i hovudsak 1 år, men kan forlengjast med inntil 1 år. Spira utvikling har seks førehandsgodkjende plassar i AFT-tiltaket.

Hos oss i Spira utvikling vil deltakar ha ein fast rettleiar som følgjer opp og rettleiar deltakaren gjennom heile tiltaket. I starten av tiltaket vert deltakaren sin nåverande situasjon kartlagt, basert på Nav-bestillinga si, relevant dokumentasjon og samtalar. Dette dannar grunnlag for å utarbeida ein individuell og skreddarsydd plan for tiltaket som inneheld dei aktivitetar som deltakar skal gjennomføra i tiltaket.

‍

AFT består av 4 hovudelement/ fasar:

‍

  • Avklaring av ressursar og yrkesmål
  • Arbeidsutprøving i eit skjerma og tilrettelagt arbeidsmiljø
  • Tilrettelagt opplæring med sikte på å oppnå reell og formell kompetanse
  • Tilrettelagt arbeidstrening og oppfølging i ordinært arbeidsliv

‍

Den første fasen av AFT-tiltaket skal gi ei avklaring av deltakar sine ressursar og yrkesmål og består av to hovudelement; kartlegging og karriererettleiing. Denne fasen varer normalt i inntil 4 veker og kan innehalde aktivitetar som kartlegging av basiskompetanse, jobbsmak, opplæring i arbeidslivskompetanse, interessekartlegging og karriererettleiing, kartlegging og trening i karriereferdigheiter, motivasjons- og meistringsaktivitetar m.m.

I den andre fasen av AFT-tiltaket har deltakaren som hovudregel arbeidsutprøving i eit skjerma arbeidsmiljø. Hos Spira utvikling er dette på ein av våre interne arbeidsarenaer. Deltakaren skal gjennom utprøving på skjerma arena få moglegheit til å prøva ut arbeidsevna si gjennom arbeidsoppgåver som er relevante for mål i tiltaksplanen. Viktige avklaringar vil vera å kartleggja evne til stabilitet og uthald over tid, under dette inngår oppmøte og nærvær. 

I tredje fase av tiltaket får deltakaren tilrettelagt opplæring med sikte på å oppnå reell og formell kompetanse. Denne fasen vil vera aktuell for deltakarar som har behov for opplæring i basiskompetanse-ferdigheiter og/eller yrkesfagleg kompetanseheving. 

I den fjerde fasen av AFT-tiltaket skal deltakaren vera i arbeidstrening i ei ordinær bedrift. I denne fasen vil deltakar få hjelp til å finna ein passande arbeidspraksis hos ein ordinær arbeidsgivar med sikte på tilsetjing i ordinært arbeidsliv. Veiledar vil følgja opp både deltakar og arbeidsgivar i praksisperioden.

‍

Omfang

Fullt AFT-tiltak er 30 timar i veka. Som hovuedregel skal deltaking i AFT vera minimum 50 prosent. Nav kan gjere ei individuell vurdering om at nokre deltakarar kan starta i ein lågare stillingsprosent, men ikkje lågare enn 30 prosent. Deltakarar som startar i ein lågare stillingsprosent vil få ein realistisk opptrappingsplan med mål om full deltaking.

Deltakarar i AFT skal som hovudregel følgja dei same reglane for å melda fråvær som gjeld i det ordinære arbeidslivet. Sjukefråværet skal meldast til jobbrettleiar og eventuelt arbeidsgivar/praksisstad same dag som fråværet startar og skal dokumenterast med eigenmelding eller sjukmelding. Alt fråvær, dokumentert og udokumentert, vil bli rapportert til Nav.

‍

Rapportering

Kvar tredje månad sender me ein statusrapport til Nav-rettleiar om korleis deltakaren fungerer helsemessige, progresjon i forhold til plan for tiltak og mål for den neste tremånadars perioden. Ved tiltaks-slutt skriv me ein rapport til Nav som gir ei grundig vurdering av deltakaren si arbeidsevne, progresjon i tiltaket, moglegheiter på arbeidsmarknaden og eventuelle andre behov for oppfølging for å få eller halde på arbeid. Planen vil alltid bli gjennomgått med deltakaren før sending til Nav.

‍

Innsøking

Ta kontakt med Nav- kontoret der du bur. Du og Nav- rettleiaren vil i fellesskap vurdere om AFT er noko for deg. Nav-rettleiaren kan søkja deg inn på tiltaket. Det er kontinuerleg inntak i AFT.

I periodar har Spira utvikling stor innsøking til tiltaket, noko som inneber at det kan vera noko ventetid på oppstart.‍

Ta kontakt med oss for meir informasjon, tlf. 91923488 / carina@spirautvikling.no

‍

‍

Carina Opedal
Carina Opedal
Tiltaksleiar
Telefon:
919 23 488
E-post:
carina@spirautvikling.no
‹ Tilbake til Tiltak
Tru på deg sjølv og den du er!
Ved å klikke «Godta» aksepterer du lagring av cookies/informasjonskapsler på denne enheten. Cookies blir brukt til å utbedre side navigering, og samle brukerstatistikk for nettsiden for å forbedre innhold og brukeropplevelse. Du kan selv administrere hva du samtykker til ved å klikke på Preferanser. Les vår Personvernerklæring for mer informasjon.