POLICY FOR KLIMA, MILJØ OG ARBEIDSMILJØ

Revisjonssnummer: 2 Opprettet 12.11.2025 Sist revidert 12.11.2025

Formålet med denne policyen er å fastsetje overordna mål og prinsipp for korleis Spira Utvikling AS skal arbeide for å redusere miljøpåverknaden sin, ta ansvar for klimaet og sikre eit trygt, helsefremjande og inkluderande arbeidsmiljø.

Spira Utvikling AS skal:

  • drive verksemda på ein bærekraftig måte, med fokus på kontinuerleg forbetring
  • redusere forbruk av energi, vatn og kjemikalier gjennom effektive prosessar og vedlikehald
  • ta i bruk fornybare løysingar som solenergi, varmegjenvinning og elektriske køyretøy
  • ha god avfallssortering og arbeide for reduksjon, ombruk og materialgjenvinning
  • samarbeide med leverandørar som kan dokumentere miljøvennlege produkt og prosessar
  • ha gode system for kjemikaliehandtering og substitusjon, og prioritere tryggare alternativ
  • ta omsyn til naturmangfald på eige uteområde og redusere forureining til vatn og jord

Spira Utvikling AS skal:

  • sikre eit trygt, inkluderande og helsefremande arbeidsmiljø for alle tilsette
  • arbeide førebyggande for å hindre ulykker, belastningsskadar og sjukefråvær
  • fremje samarbeid, open kommunikasjon og respekt på arbeidsplassen
  • leggje til rette for medverknad frå tilsette i HMS- og miljøarbeidet
  • ha nulltoleranse for mobbing, trakassering og diskriminering
  • tilby nødvendig opplæring og oppfølging slik at alle kan utføre arbeidet sitt trygt

Leiinga skal årleg evaluere verksemda si påverknad på klima, miljø og arbeidsmiljø, og sette nye mål for forbetring.

  • Resultata vert dokumenterte i miljøkartlegginga og følgde opp i miljøhandlingsplanen
  • Miljø- og HMS-arbeidet skal vere ein naturleg del av den daglege drifta
  • Verksemda følgjer krava i Miljøfyrtårn, relevante lover og forskrifter
  • Dagleg leiar har overordna ansvar for at policyen vert følgt opp
  • HMS-/miljøansvarleg har ansvar for praktisk oppfølging, rapportering og opplæring
  • Alle tilsette har ansvar for å bidra til eit godt arbeidsmiljø og miljøvennleg drift gjennom haldningar og handlingar
Ved å klikke «Godta» aksepterer du lagring av cookies/informasjonskapsler på denne enheten. Cookies blir brukt til å utbedre side navigering, og samle brukerstatistikk for nettsiden for å forbedre innhold og brukeropplevelse. Du kan selv administrere hva du samtykker til ved å klikke på Preferanser. Les vår Personvernerklæring for mer informasjon.