
Spira utvikling AS er eigd Etne kommune og Vindafjordkommune. Me er rundt 70 tilsette, og me tilbyr arbeidsretta tiltak for NAVgjennom VTA (24 plassar), AFT (6 plassar) og andre ulike tiltak. Me driv med vaskeri,transport, hjelpemiddelformidling, butikk, snikkar- og bilverkstad, systove ogmykje meir.
Om stillinga: Me søkjer einstrukturert administrasjonsmedarbeidar som vil spela ei nøkkelrolle i vårvidare utvikling. Du vil ha oppgåver med fakturering, lønn og anna økonomiskoppfølging, i tillegg til oppfølging av personal. Du vil samarbeida tett meddagleg leiar og tiltaksleiar.
Dine viktigaste arbeidsoppgåver vil vere:
· Fakturering og økonomisk rapportering
· Oppfølging av kundar og kontraktar
· Følgje opp HR-rutinar
· Møteførebuingar og intern samordning
· Administrative støttefunksjonar (t.d.møteprotokollar, avtaleforvaltning, personal)
· Arbeidsrettleiarrolle
Me ser etter deg som:
· Har erfaring frå liknande rolle innan økonomiog/eller HR.
· Har god forretningsforståing og innsikt i ulike rekneskapssystem
· Har gode samarbeidsevner og kan byggja tillit
· Er trygg i bruk av digitale verktøy og system
· Har gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg
Det er ein fordel om du har:
· Utdanning innan økonomi, HR eller administrasjon
· Kjennskap til offentleg forvaltning ellerattføringsfeltet
Me tilbyr:
· God opplæring frå Sollaug, som har hatt oppgåvene tilno
· Ein variert og meiningsfull arbeidskvardag
· Stor moglegheit til å påverke utviklinga i verksemda
· Eit godt og inkluderande arbeidsmiljø
· Løn etter avtale (bedrifta har tariffavtale)
· Pensjons- og forsikringsordningar
Søknad sendes: kenneth@spirautvikling.no
Politiattest må leggjast fram før tilsetjing!
For meir informasjon om stillinga, ta kontakt med:
Dagleg leiar Kenneth Karlsen tlf: 91336664 eller personalleiar SollaugR. Eljarvik på tlf: 99540722
