Eit femarma lys til kvardag og fest. Lyset passar på små og store bord, i vindauget og hevar stemninga i eit kvart koseleg lag.
Det femarma lyset har vi funne i boka ”Lysår – Lys brød og tradisjon” av Andreassen Lie, Brox og Gotaas. Trine Gotaas har lagd lys, m.a. på Maihaugen på Lillehammer, og boka hennar har inspirert fleire av lysa våre.
Eit flott lys som gir eit element av høgtid og fest, so det passar i grunnen alltid!